Val av yrkesfag
Torgrim og Oliver har ulike bakgrunnar, men har begge valt yrkesfag for å få ein meir fysisk og praktisk arbeidskvardag.
– Eg valde denne linja for å få eit fysisk arbeid, og eg likar å jobbe med motorar, delar og metall, fortel Torgrim.
Oliver hadde ei litt anna reise:
– Eg gjekk tre år på studiespesialisering, men fann ut at det ikkje var noko for meg.
Praksisen som Torgrim og Oliver no har fått gir dei ei moglegheit til å teste ut valet deira. Samstundes gir det ein forsmak på arbeidslivet.
– Det er ein flott måte å kome seg vekk frå skulen og prøve seg i faget ein planlegg å jobbe vidare med, meiner Oliver.
Ein potensiell arbeidsgivar for framtida
Oliver hadde høyrt om Stryvo gjennom faren og læraren sin, og ville jobbe for ei bedrift i Stryn. Torgrim hadde også høyrt om Stryvo, og blei med Oliver. Torgrim oppsummerer veka som ei positiv erfaring å ta med seg vidare.
– Det har vore veldig kjekt. Eg har gjort mykje av det eg har drevet med før, men eg ser verkeleg utbyttet i at elevar får utplassering.
Oliver er også nøgd:
– Eg trivst veldig godt her. Det er eit godt miljø her og det er mogleg å dra ein spøk. Stemninga er god, og det er tydeleg at alle trivst i Stryvo.
Mange moglegheiter
Ein av dei største fordelane dei opplevde var moglegheita til å prøve ut forskjellige arbeidsoppgåver i staden for å observere.
– Det var kjekt å kome inn dørene og føle seg velkommen frå dag ein, seier Oliver.
Torgrim er einig, og svarar for dei begge når han fortsett:
– Vi likte spesielt godt å få vere med ute i felt og oppleve alle dei varierte oppgåvene som er mogleg å gjere i denne eine bedrifta.
– Eg vil absolutt kome hit igjen, avsluttar Oliver – ei kjensle Torgrim deler med han.
Vinn-vinn-situasjon
Ved å ta inn utplasseringselevar, kan Stryvo inspirere fleire unge til å velje yrkesfag, noko som er essensielt for å møte framtidas utfordringar i arbeidsmarknaden. Torgrim og Olivers erfaringar hos Stryvo viser tydeleg korleis utplassering kan vere positivt for både elevane og bedrifta. For elevane gir det praktisk erfaring og moglegheita til å vurdere dei ulike retningane ein kan velje. For Stryvo, kan det potensielt sikre tilgang på framtidige kvalifiserte arbeidstakarar og bidreg til å styrke yrkesfagets posisjon i samfunnet.