For nokre veker sidan fekk Stryvo besøk av to utplasseringselevar, Torgrim Sagsletten og Oliver Oppedal, frå Eid vidaregåande skule. Deira opplevingar og innsikter frå denne veka understrekar kor viktig det er at bedrifter som Stryvo tek imot utplasseringselevar, både for elevane sjølve og for framtida til yrkesfaga.
mandag, 9. desember 2024

Val av yrkesfag

Torgrim og Oliver har ulike bakgrunnar, men har begge valt yrkesfag for å få ein meir fysisk og praktisk arbeidskvardag.

– Eg valde denne linja for å få eit fysisk arbeid, og eg likar å jobbe med motorar, delar og metall, fortel Torgrim.

Oliver hadde ei litt anna reise:

– Eg gjekk tre år på studiespesialisering, men fann ut at det ikkje var noko for meg.

Praksisen som Torgrim og Oliver no har fått gir dei ei moglegheit til å teste ut valet deira. Samstundes gir det ein forsmak på arbeidslivet.

– Det er ein flott måte å kome seg vekk frå skulen og prøve seg i faget ein planlegg å jobbe vidare med, meiner Oliver.

Ein potensiell arbeidsgivar for framtida

Oliver hadde høyrt om Stryvo gjennom faren og læraren sin, og ville jobbe for ei bedrift i Stryn. Torgrim hadde også høyrt om Stryvo, og blei med Oliver. Torgrim oppsummerer veka som ei positiv erfaring å ta med seg vidare.

– Det har vore veldig kjekt. Eg har gjort mykje av det eg har drevet med før, men eg ser verkeleg utbyttet i at elevar får utplassering.

Oliver er også nøgd:

– Eg trivst veldig godt her. Det er eit godt miljø her og det er mogleg å dra ein spøk. Stemninga er god, og det er tydeleg at alle trivst i Stryvo.

Mange moglegheiter

Ein av dei største fordelane dei opplevde var moglegheita til å prøve ut forskjellige arbeidsoppgåver i staden for å observere.

– Det var kjekt å kome inn dørene og føle seg velkommen frå dag ein, seier Oliver.

Torgrim er einig, og svarar for dei begge når han fortsett:

– Vi likte spesielt godt å få vere med ute i felt og oppleve alle dei varierte oppgåvene som er mogleg å gjere i denne eine bedrifta.

– Eg vil absolutt kome hit igjen, avsluttar Oliver – ei kjensle Torgrim deler med han.

Vinn-vinn-situasjon

Ved å ta inn utplasseringselevar, kan Stryvo inspirere fleire unge til å velje yrkesfag, noko som er essensielt for å møte framtidas utfordringar i arbeidsmarknaden. Torgrim og Olivers erfaringar hos Stryvo viser tydeleg korleis utplassering kan vere positivt for både elevane og bedrifta. For elevane gir det praktisk erfaring og moglegheita til å vurdere dei ulike retningane ein kan velje. For Stryvo, kan det potensielt sikre tilgang på framtidige kvalifiserte arbeidstakarar og bidreg til å styrke yrkesfagets posisjon i samfunnet.