Salgsingeniør Byggteknikk

Liker du å tenke nytt og bruke gode verktøy for å kunne skape unike resultat for deg sjølv og bedrifta di? Er du nysgjerrig på smarte løysingar og liker å jobbe strategisk for å nå ambisiøse mål? Hos oss kan du få moglegheita til å være med å sette retningar for å sikre spenstige leveransar på øvste nivå, saman med dyktige kollegaer.

Stryvo-gruppa er lokalisert i Stryn, Bismo og Oslo, og er ein ledande mekanisk aktør som har ambisiøse vekstplanar. Med en lang historie og et team av dedikerte fagfolk, er vi på utkikk etter en Salsingeniør byggteknikk som kan hjelpe oss med å nå nye kundar og mål. Stillinga vil være lokalisert enten i Stryn eller Bismo, så du kan velje mellom dei vakre fjordane i vest eller den tørre fjellufta i fjellheimen i Skjåk.

Ansvar og rolle

Som Salsingeniør byggteknikk vil du ha ansvaret for å utvikle og ta i bruk gode og treffsikre kalkylemodellar, og arbeide systematisk mot strategiske kundegrupper for å auke vår synlegheit. Du vil få bruk for din ingeniørkompetanse for å finne dei beste løysingane, både for kundane og produsent/leverandør. Du vil få bruke dine erfaringar frå prosjektgjennomføring når du skal lage gode og treffsikre kalkylar saman med teamet ditt.

  • Følgje relevante portalar for utlyste prosjekt, velje strategiske prosjekt
  • Være kundekontakt innan byggteknikk, svare på førespurnader
  • Utvikle og arbeide i gode kalkylemodellar
  • Ha ansvar for prosjekt frå førespurnad til signert kontrakt
  • Utføre grunnleggande prosjektering/design


Kven ser vi etter

Vi ser etter ei analytisk, kreativ, nysgjerrig, og uredd sjel. Du som nøye kan vurdere potensiale i kundar og prosjekt, identifisere kva som verkeleg gir resultat i forhold til våre mål, og grundig dokumentere og evaluere innsatsen for å sørge for at vi kontinuerleg beveger oss mot suksess. Du er en person med et vinnande vesen som evner å inspirere og få folk med deg.

Vi trur du har minst 5-10 års relevant prosjekterfaring innan byggteknikk, der konstruksjon, kalkyle og sal har vore blant dine oppgåver. Du er fagleg sterk, og du er flink til å argumentere for dine løysingar og metodar. Du arbeider systematisk, sjølvstendig og i team.


Kvifor arbeide hos oss

Du blir en del av et engasjert og kompetent tverrfagleg team som alltid streber etter det beste.

Vi tilbyr deg moglegheita til å forme og påverke vår merkevare og marknadssynlegheit.

Du får spennande faglege utfordringar, friheit til å utforske nye idear og metodar, og implementere dei for å oppnå suksess.

Konkurransedyktig løn og fordelar.

Unik moglegheit til å skape meirverdiar i et spanande selskap i vekst.


Vi oppfordrar deg til å sende inn søknaden så snart som mogleg, og vi ønsker å informere om at vi vil gjennomføre intervju kontinuerleg. Om du har spørsmål, er du velkommen til å kontakte oss;

Send en kort søknadstekst og CV til post@stryvo.no

Om arbeidsgiveren

Stryvo-gruppa med sine 100 medarbeidarar består av Stryvo AS og Stryvo Oslo AS. Gruppa står i dag fram som ein av dei mest allsidige mekaniske aktørane i Norge.


Spisskompetansen dekker fleire segment som vasskraft, olje- og gass, maritim industri, fisk og sjømat, forsvar, landbasert industri, og bygg/anlegg. Leveransane her utgjer blant anna design, ingeniørtenester, produksjon, ferdigstilling, service/vedlikehald og oppgraderingar.

For mange kundar er Stryvo også en sentral partner / leverandør i større innovative prosjekt, her kan nemnast hydrogen, offshore vind, karbonfangst, subsea-kompresjon og bølgjekraft.