Nok en gang er Stryvo Bismo valgt som leverandør av filtersystem til verdens største offshore vindpark, Dogger Bank Wind Farm. Opsjonen som no trer i kraft gjeld tredje fase i vindparken, Dogger Bank C, og kjem etter to tidlegare suksessfulle leveransar på Dogger Bank A og B i 2021.
Filtersystema blir i si heilheit bygd lokalt i Skjåk. Dette er viktige og gode prosjekt for den vesle bedrifta som ligg halvvegs i fjellheimen i Midt-Norge. Det er Aibel som har entreprisen mot Stryvo Bismo.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Equinor, SSE Renewables og Eni. Stryvo Bismo er veldig godt nøgd med å bli vist denne tilliten på avanserte og sentrale komponentar i ei så prestisjefylt og innovativ satsing med desse tunge aktørane.
For Stryvogruppa er denne leveranse også heilt i tråd med siste års satsing og strategi om å være ein sentral leverandør og partner i bærekraftige satsingar både på land og til havs.