Stryvo Bismo med leveranser av pumpeskiddar

February 09, 2018

Stryvo Bismo leverer til olje- og gassmarknaden

Stryvo Bismo med leveranse av pumpesystem til Delta-p. Det komplette systemet, som består av 5 frittståande pumpeskiddar for metanol-injeksjon, vart levert frå Bismo «on spot» på tampen av 2017. Pumpesystemet blir levert i samarbeid med Delta-p og Aibel, og skal settast i drift på Dvalin-feltet til Statoil.

Pumpesystemet er ein kompleks og samansett leveranse med høge krav til kvalitet og presisjon.  Stryvo Bismo har gjennomført oppdraget etter planen, til rett tid og med høg kvalitet. Det er ein leveranse vi er stolte over, og som viser vår evne og gjennomføringskraft i store og komplekse prosjekt. Eit nært og godt samarbeid med oppdragsgjevarane, har sikra trygg og stødig framdrift i prosjektet, som igjen har resultert i eit godt sluttprodukt.

Det nære samarbeidet mellom selskapa i Stryvo Group og oljeserviceselskapa viser igjen at vi er attraktive, og dermed får nye førespurnader i ein ellers krevjande marknad. Både kompetansen og produksjonsanlegget på Bismo er svært godt egna til denne typen prosjekt, samtidig som det genererer oppdrag til søsterselskapa i Stryvo Group.

Tilbakemeldingarne frå Delta-p går på at dei er veldig godt fornøgde med jobben som Stryvo Bismo har gjort i Dvalin prosjektet. Det er god kvalitet på sluttproduktet, punktlig levering, og det har vore eit godt samarbeidsklima heil vegen for å finne dei beste og mest effektive løysingane. Stryvo Bismo har med denne leveransen igjen dokumentert god kompetanse og erfaring, samt evne til nært og konstruktivt samarbeid med olje- og gassindustrien