Montør - Service og Montasje

Stryvo søker flink og motivert medarbeider til si avdeling innan Service og Montasje i Stryn. I denne stillinga får du være mykje ute og jobbe allsidig både sjølvstendig og i team.

Det er ein fordel med erfaring frå byggebransjen, men ikkje nødvendigvis stål, som er Stryvo sin kjernekompetanse. Våre oppdrag spenner frå enkle stålhallar til komplekse bygg/konstruksjonar eller serviceoppdrag.

Stryvo legg stor vekt på kvalitet i alle ledd, og vi ser etter gode kollegaer med god arbeidslyst, god forståing og god driv. Om du også er ein potensiell arbeidsleiar ser vi ikkje negativt på det.

Stillinga krever gode kommunikasjonsevner på norsk, eller minimum veldig godt engelsk språk.

Du må ha bilsertifikat minimum kl. B, men det kan også være ønskeleg med sertifikat på kran, truck og lift. Dette er opplæring Stryvo vil koste viss du er rett person for oss.

Kvalifikasjonar vi ser etter:

  • Gjerne fagbrev innan stål, betong eller tre
  • Relevant arbeidserfaring
  • Fagleg stoltheit
  • Servicefokus og pålitelegheit
  • Høg arbeidsmoral

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte oppgåver
  • Konkurransedyktig løn
  • Fast stilling
  • Gode utviklings- og karrieremogleheiter
  • Rask tilsetting

Send ein søknad med cv til post@stryvo.no