Stor filterpakke til Fjords Processing

Pressemelding:

Norske leverandører konkurrerer med utlandet

Stryvo Bismo med leveranse av stor filterpakke til Fjords Processing. Det 26 tonn store anlegget vart skipa ut over djupvasskaia på Stryvo sitt anlegg på Fiskåholmen.  Filterpakken blir levert i samarbeid med Aibel og Fjords Processing og skal settast i drift på Statoil si plattform Heidrun i Nordsjøen.

Filterpakken er ein kompleks og samansett leveranse med høge krav til kvalitet og presisjon.  Stryvo har gjennomført oppdraget etter planen, til rett tid og med høg kvalitet, noko som vi er stolte over og viser vår evne og gjennomføringskraft til større prosjekt.

Eit nært og godt samarbeid med oppdragsgivarane har sikra god framdrift, god kvalitet og eit godt sluttprodukt.

Dette prosjektet viser til fulle at norske leverandørar er konkurransedyktige i forhold til utanlandske, og at «home sourcing» er meir og meir ein vald strategi for oljeselskapa og deira underleverandørar.

Denne strategien sikrar betre kontroll på delkomponentar, samanstilling, utprøving og gir ein sluttkvalitet med høg kvalitet og funksjonsnivå.

Det nære samarbeidet mellom Stryvo Group og oljeserviceselskapa viser igjen at vi er attraktive og får nye førespurnader i ein elles krevjande marknad.

Anlegget på Fiskåholmen gir oss  gode fortrinn når det gjeld å kunne ta på oss stadig større prosjekter, og sikrar samstundes god aktivitet på anlegga våre i Stryn og på Bismo.

Martin Lundgren i Aibel uttaler:

Aibel er veldig fornøyde med jobben som Stryvo Bismo har gjort i Maria prosjektet. Det har vært god kvalitet på selve jobben, jobben ble levert før tid, og det har vært et god samarbeidsklima hele veien for å finne de beste og mest effektive løsningene.

Stryvo Group har med denne leveransen dokumentert kompetanse og erfaring og evne til nært og konstruktivt samarbeid med olje og gass industrien.